Nilsens Roderom

Et roderom har me adle, någen har fleire. Her e et av mine, og her ligge der møje å slenge så eg kje vett heilt ka eg ska bruga te. En del av det konne sikkert vore hivd i ein container, men det får ligga her ei stonn, så ser me........

tirsdag, oktober 31, 2006

"Ringe Kongebolta"

D e to sikre merke på at mannfolk begynna å verta eldre. Me har observert begge to hos fleire eksemplar av arten, og fenomenet har vore studert grundig frå vitskapeleg hald.


1: Mannfolk trekke te skogs.

Med øks og motorsag, utan tehøyrande verneutstyr.
Denne påfallande interessa for vedhogst er genetisk betinga, og inntreff som regel etter at den yrkesaktive karrieren er over.
I fylgje studiar har dette å gjera med vårt urgamle samlarinstinkt, og når dei ikkje lenger er ute i arbeidslivet, er dette måten å tryggje heimen på.


2: Før dei kjem til vedstadiet, kjem interessa for ting, det kan vera bilar, møbler, båtar,jukeboksar, kort sagt, kva som helst. Poenget med desse tinga er at dei skal vera frå den tida då den som skaffar seg dei var ung. Dei representerer draumar og ynskje ein hadde som ung, men ikkje hadde økonomisk evne eller vilje til å skaffa seg då.

Ka e så poenget med alt dette, lure du jedna på??

Jodå, me kjeme te dæ.

Eller rettare sagt:
Me e komne te det.
Altså punkt 2.
Me .
Oss.

Eg......

Offdå, e d sånn det henge ihob..

Det har seg sånn,at me har kjøpt oss Skoda.
Gammale.
Med 3 døre og grusomt ringe kongebolta.
Seie far min.
Farar pleie veda sånt...

Alligavel høyre me kje på di...

Men kjøbe oss Skoda.

Med ringe kongebolta.

Men dæ fyllde med 8 sett med nye kongebolta.
Og en heile hau me ant så me jedna kan ha brug for.

11 toppakningsett.

Far min sa kje någe om at dæ va ringe toppakninga på Skodaen.


Så eg tru me aventere dei.

Så får me jedna atte någen av dei pengane me he brukt for å finna ud at me nærme oss 40...


søndag, oktober 29, 2006

"Pølsekokken"

Me er, som et resultat av svært kalde haustar på 70talet,
så heldige å ha fleire brør , som me har god kontakt med og set umåteleg pris på.

Ein av desse brørne; "Jobbe med trailerar", som ein av kjenningane våre uttrykkjer det....
Det kan og seiast om vedkommande bror at han neppe ville kome i betraktning dersom Gastronomisk Institutt eller Bølgen & Moi skulle ansetje nye medarbeiderar...

Men han har då klart seg toleg bra til denne tid, mykje takka vera "gryta hennar mor", TORO, Terina og Gilde.
Ein takk til alle desse for å ha funne opp mat som kan lagast fort og enkelt, for når sant skal seiast er me vel ikkje betre stilt sjølv.....

Men det hadde seg slik, at den tidlegare omtalte broren, ein ettermiddag kjende at magasuget melde seg. Rådlaus var han ikkje, fram med gryta og vatn, 2 pølser oppi, plata på fullt.

Diverre entra underteikna arenaen på dette tidspunktet, og me kom i samråd fram til at det snarast måtte ulike innkjøp til, desse måtte gå føre seg i nabobygda, av di kjøpesenteret(#1.) her på staden stengjer tidleg på laurdagar.

Etter avreise vart bilføraren merksam på at ein av målerane gav klar melding om at denne turen kom til verta kort, dersom ikkje tiltak vart iversette temmeleg fort.
Saka blei drøfta på eit uvanleg effektivt allmannamøte, og det vart einstemmig vedteke å leggje inn eit ekstra punkt på innkjøpsrunden.
På veg heimatt, med full tank(#2.) og megaburger(#3.) i neven, slo sanninga ned i sidemannen, om lag halvvegs inn i den omtalte burgeren.

Pølsene var framleis på kok i heimen!
Heilt åleine, utan nokon form for tilsyn.
Dette var sjølvsagt ikkje bra, med tanke på at gryta var liten og plata så stor, mindre hendingar enn dette har jaga ut " G.F.F"!(#4.)

Ein innkalla straks bekjente i nærleiken, som med fare for eigen tryggleik takla tinga bra.
Uredd, utan dykkardrakt og friskluftmaske, kasta denne seg inn og fekk det som ein gong hadde vore ei gryte, ut i friluft.
Skodda låg, som ventande, tjukk over heimen, og underteikna og sidemann kom til staden, var berre eimen og minnene att.
Innhaldet i gryta var direkte ueigna til menneskeføde, og sjølve kjørlet lyt nok freiste tilværet andre stader etter dette.


Me oppmodar difor alle lesarar til å tenkje seg om to gonger før dei spring ut av heimen, til å sjå ein gong ekstra, og tenkja branntryggleik! Til all lukke gjekk det godt denne gongen, men ein veit aldri......



Merknader:
# 1: Joker
# 2: 70 liter 98 oktan bensin
# 3: 500 gram cheeseburger/m Alt....
# 4 : Det lokale brannvesenet

fredag, oktober 27, 2006

"World Cow Day"


Det dette møje rart inn i mailboksen vår.
I det sista e avsenderane blitt påfallande interesserte i å selja oss aksjer i ulike
selskap rundt om i verda, og andre tilbyr oss ulike medikament for å hevja yteevna vår....
Den første gruppa har nok bomma stygt på mottagaren, våre få kroner fyk fortare ut enn me klarer å hanke dei inn att, og det medfører at og den andre gruppa må gå tomhendte herifrå!


Men av og til fins det lysglimt i tilværet.

Frå ein av våre bekjente i nabokommunen, fekk me i dag tilsendt biletet som står øvst.
Me gler oss i lag over at storfeavlen har teke eit langt steg vidare, NRF er nok på veg ut,noko me har meint lenge.
Me tykkjer at denne nye kua er eit friskt pust som bør ynskjast velkommen!

Kanskje har lesarane forslag til namn på nykomlingen???

torsdag, oktober 26, 2006

"Inni mitt hode"

Lillebjørn Nilsen har en sang så handle om ka så foregår inni håve hans.

Det har dessverre ikkje me, sjøl om me konne tenkt oss dæ.
Hadde gjedna blitt for mange vers udav dæ, å det kan lett bli noge langdrygt....

Me har derfor illustrert innlegget i dag med et bilde som me føle fortelle en heile del, det onnestrege alvoret i situasjonen, der e møje å ta tag i her.

"Stabile?", seie du??

Mja,turavis.....

onsdag, oktober 25, 2006

"Ein uventa vending"

Me hadde igroen tenkt å skriva om noge heilt aent i dag.

Hadde forberedt innlegget oppi håve vårt, sett ord på dæ me kjende , tenkt ud ka det egentle va, og syns me hadde fått det godt te. Me va beintfram fornødde.
Det sko handla om Skodaen, vår nye stolthet og glede, så me va på EU-kontroll med igår.
Me sko fortelja om at det kjendes omtrent så når me ska te tannlegen og rodfylla; dæ må gjerast, men me lige det ikkje!

Men sånn vart det ikkje, for dæ kom noge i veien.
Elle rettare sagt, dæ kom nogen på fortauet....
Me e så heldige at me e oppsette med oppte fleire tanter og onklar, og det va altså den eina av desse tantene så plutsele befant seg på fortauet.

"Ka ville nå hu der då", spøre du jedna, og når sant ska seiast, så gjorde me og dæ.
Ittepå.
Denne tantå, så tross sin høge alder, e forholdsvis oppegåande og gjønåtenkte i dæ mesta u drive med, stod altså på dette fortauet uden å opplysa oss om ka erendet hennas va der.

Men me fant det jo ud.
Ittepå.

"Ka kan me så lera av dette", tenke du jedna nå?
Tenke du dæ?

Neivel, men dæ burde du.
Syns eg.

Me kan lera at det e viktikt å kommunisera.
Snakka med kvarandre.

Me kan unngå mange misforståelsa då.

tirsdag, oktober 24, 2006

"HJELP TIL SELVHJELP"


Som me tidligare har omtalt, har me altså en slektning som oppholde seg i en større norsk by.
Dei som har lese kommentarane te innlegget om fodball, vil ha fått med seg at det e grunn te tru at fodballinteresså te denne slektningen har andre årsager enn dæ reint fodballfagliga.

Det he seg slik, at me e opptogne av våre medmennesker ve og vel, og ser det som vår simple plikt å bidra med innspel og støtta så langt det lar seg gjer.

Me har adle våre mådar å takla ting på, ikkje adle e liga gode og slett ikkje konstruktive alltid, men det bler delt ut poeng for førsøg, og me dele ud 10 poeng te slektningen for i det minsta å ha prøvd!

Innlegget i dag e ikkje fysst og fremst retta mod denne slektningen, sjøl om me ser at me står i fare for å bli mistenkte for nettopp det!

Det e meir meint som inspirasjon og oppmuntring te adle som føle at kvardagen og livet i sin alminnelighed går di litt imod, det vise at hvis me bare e kreative og kanskje skrur kravå et par hakk ner, så e det mesta muligt å få te!

mandag, oktober 23, 2006

"Ukens BABE"


Me har, ette oppfordringa frå publikum, bestemt oss for å bli "noget mer vovede", med bildebrugen her. Det e viktikt å tekkas publikum, og me innføre derfor ein ny fast post, med
"ukens Babe".

I dag e det altså Katinka så e fysst ud, hu e friske og naturlige, sosiale og veldigt glae i turar i skog og mark.
U e kje så voldigt opptogen av politikk,men u brenne for dyrevern, og mislige derfor store lastebila med Norsk Kjøtt sin logo.

Det haustar....




Siden det, utvilsomt og ubønnhørligt, dessverre går mod vinter og mørkare tie, med et rikt udvalg av ullkler og tehøyrande vinterdepresjonar, har me i dag lyst te legga ud någen vårlege bilder, bara for å minna oss adle om at det ikkje e SÅ lenge te solå snur, og det igjen bler vits i å stå opp om måronnen. ...........

søndag, oktober 22, 2006

"Hva gør vi nu,lille Du"

Så har altså det utenkeliga hendt...
Me hadde allre trudd det sko komma så langt, rekna med at me sko gå klar sånt.
Har allre vore lignande tilfelle i slektå.
Men det syne jo atte sånt kan skje i dei beste familiar.
Det e beint fram trist, e det.

Undertegna måtte ta 3 røe med trikant på, og 2 store blåe, bare for å halda seg gåande te dæ versta sjokket hadde lagt seg.

Me har et syskenbarn, (dvs me har jo oppte fleire av di),
men dette gjelde altså det eina av di.
Denne slektningen, så me av omsyn te personvernet og vedkommandes sikkerhed og velbefinnande, ikkje har tenkt å nevna navnet på,
har oppholdt seg i en ikkje navngitt norsk by i lengre tid,
og det e kje tvil om at udviklingå te dette syskenbarnet går i feil retning.
Frå å vera et nokså stillfarande og vennligt vesen, beintfram gilde, he altså denne havna i dårligt selskab.

Dæ e biringt, e dæ!

Må vurdera seriøst å kalla inn te utvida familieråd, med onkla og tanta av adle slag, og beintfram drøfta situasjonen grundigt , samt vurdera tiltak og framdriftsplan.

Så langt ser det ud te at me kan unngå tung medisinering med unevnelege kjemiske substansar, men at tiltag e tvingande nødvendige, e der kje tvil om.

Me kan kje tillada oss å sidja roligt å sjå på at folk begynna å vanka på stadion,sånn heilt uden grunn. Atte di innrømme, og attpåte åbent står fram som FODBALLINTERESSERTE, e tøft å svelja.

Koss ska det gå, seie bare eg......

lørdag, oktober 21, 2006

CD samlingen


He itte kvert samla en del CDar i heimen, og adle e nok kje liga møje brukte..... Men eg kom øve ei i dag, så kom i hus for et par år si. Hadde meste glømt na av, men u låg altså der, nedst i hyllå.
Sturle Andersen, visstnok frå Bergen, men tru han må ver noge av det ligaste så e komme frå den plassen.
I sangen "Mot Vest" skrive an:
"Eg skulle ha gitt litt ekstra,
ikkje grabbet av ditt fat,
eg skulle ha rost i høy grad,
vist et hjerte av format"


"Sakte kryper dagene mot vest og synker ned
For å stige gyldne opp
et helt aent sted "

Får sei så di seie, dei så me av og te omtale som "dei gamle"(altså ikkje moderen og co)
"Dæ vart så godt for mæg"

Gjorde faktisk dæ......

En blomst.....


I dag har eg fått en blomst....
En verbale blomst...

Frå et menneske som ikkje alltid har det heilt enkelt sjøl, men som alligavel klarte å formidla, på sitt vis, gjønå "skoddå", ros og takk for måden vedkommande blir møtt på.

Gjer någe med oss, sånt.......

Me burde dela ud blomster, me og....

fredag, oktober 20, 2006

Høykanon og Skoda


Det e nå snart leggetid for alle oss under 40, sko ha vore i køyå for lenge si! må bara skriva lit fysst, har kvitta meg med gammalt arvegods i dag. Høykanonå ska få et nytt liv som halmudleggar på en bondegård i nabokommunen. Godt ka så e vekke. Har ellers prøvd å få prøveskilt te nyervervelsen,Skoda Octavia Combi, 1963 mod. Tru jammen eg må legga ud bilde av an og, syns jo d e litt svert. Ska skriva meir om an seinare. Kanskje lesarane har lyst på historien om koss an kom te gards? Følg med, historien kjeme,må bara få øvesikt her fysst, d e jo tross alt et roderom.......

onsdag, oktober 18, 2006

Jasså,an e på nett nå,liksom.......

Dette e altså fyssta innlegget herifrå. E blitt såpass inspirerte av atte ca halva slektå helle på å skrive om seg sjøl, atte eg må visst te eg og. E kje akkurat dæ at eg he så møje å melda egentle, helste sidde eg bara i ei krå å tie bom stilt. Bler igroen minste sjau av dæ. Bara ta de rolikt, dæ kjeme nok meir her med tiå.