"Pølsekokken"
Me er, som et resultat av svært kalde haustar på 70talet,
så heldige å ha fleire brør , som me har god kontakt med og set umåteleg pris på.
Ein av desse brørne; "Jobbe med trailerar", som ein av kjenningane våre uttrykkjer det....
Det kan og seiast om vedkommande bror at han neppe ville kome i betraktning dersom Gastronomisk Institutt eller Bølgen & Moi skulle ansetje nye medarbeiderar...
Men han har då klart seg toleg bra til denne tid, mykje takka vera "gryta hennar mor", TORO, Terina og Gilde.
Ein takk til alle desse for å ha funne opp mat som kan lagast fort og enkelt, for når sant skal seiast er me vel ikkje betre stilt sjølv.....
Men det hadde seg slik, at den tidlegare omtalte broren, ein ettermiddag kjende at magasuget melde seg. Rådlaus var han ikkje, fram med gryta og vatn, 2 pølser oppi, plata på fullt.
Diverre entra underteikna arenaen på dette tidspunktet, og me kom i samråd fram til at det snarast måtte ulike innkjøp til, desse måtte gå føre seg i nabobygda, av di kjøpesenteret(#1.) her på staden stengjer tidleg på laurdagar.
Etter avreise vart bilføraren merksam på at ein av målerane gav klar melding om at denne turen kom til verta kort, dersom ikkje tiltak vart iversette temmeleg fort.
Saka blei drøfta på eit uvanleg effektivt allmannamøte, og det vart einstemmig vedteke å leggje inn eit ekstra punkt på innkjøpsrunden.
På veg heimatt, med full tank(#2.) og megaburger(#3.) i neven, slo sanninga ned i sidemannen, om lag halvvegs inn i den omtalte burgeren.
Pølsene var framleis på kok i heimen!
Heilt åleine, utan nokon form for tilsyn.
Dette var sjølvsagt ikkje bra, med tanke på at gryta var liten og plata så stor, mindre hendingar enn dette har jaga ut " G.F.F"!(#4.)
Ein innkalla straks bekjente i nærleiken, som med fare for eigen tryggleik takla tinga bra.
Uredd, utan dykkardrakt og friskluftmaske, kasta denne seg inn og fekk det som ein gong hadde vore ei gryte, ut i friluft.
Skodda låg, som ventande, tjukk over heimen, og underteikna og sidemann kom til staden, var berre eimen og minnene att.
Innhaldet i gryta var direkte ueigna til menneskeføde, og sjølve kjørlet lyt nok freiste tilværet andre stader etter dette.
Me oppmodar difor alle lesarar til å tenkje seg om to gonger før dei spring ut av heimen, til å sjå ein gong ekstra, og tenkja branntryggleik! Til all lukke gjekk det godt denne gongen, men ein veit aldri......
Merknader:
# 1: Joker
# 2: 70 liter 98 oktan bensin
# 3: 500 gram cheeseburger/m Alt....
# 4 : Det lokale brannvesenet

4 Comments:
He he...
Nok eit morsomt samtaleemne te syskenbarntreff, "ein kopp med kaffi" og andre lovende samenkomster i vår store lykkelige familie e herved lansert....
He ingen problem med å forstå "broren" i sitt valg av enkle men treffande gode rettar!!
Han ska ha for det denne tidligere omtalte personen at desse så i utgangspunktet enkle rettene kan omgjerast te dei mest utsøkte,under mottoet: "man tager hva man haver"!
Me har fått eit nytt syskenbarn, ser det ut til.....
Lurer på kven som har stramma opp vedkomande, dei plar elles vera noko halvslakke.....
Ja, lure og litt på det "nya" syskenbarnet... Kim e du? Eg e jo forresten ganske strame, men eg oppgir jo alltid mitt fulle navn og tittel, så meg kan det ikkje ver! Bjarte, bror min, jedna...?
Ellers ville eg bare sei at det va ei lokka det gjekk godt med huset og heimen te broren som jobbe med trailera... Konne gjee sjikkele gale! Jedna du sko tipsa han om dette bloggstyret...? Syns det he hjulpe dualle på kontakten slektå imjødlå :)
Me må legga håvene vårs i bløyd, Lene. Det e for gale at någen går rondt å kalle seg slikt!
Dei einaste strame eg vett om, e jo nettopp du og meg.
Legg inn en kommentar
<< Home