Nilsens Roderom

Et roderom har me adle, någen har fleire. Her e et av mine, og her ligge der møje å slenge så eg kje vett heilt ka eg ska bruga te. En del av det konne sikkert vore hivd i ein container, men det får ligga her ei stonn, så ser me........

lørdag, desember 30, 2006

Tankar ved eit årsskifte

Me skriv i dag 30 desember, og det er 10 varmegrader og heftig regn.
Markene står framleis grøne, og sauene trivs best ute.
Me henta heim bølingen i dag, dei har vore på legd i nabobygda.
Dei lyt nok freiste tilværet utandørs endå ei tid.

Me blir støtt så tankefulle når det nærmar seg eit nytt år.
Denne stille tida mellom jul og nyttår gjer rom for slikt.
Tida er komen for årsoppgjer, både i rekneskapen og på det personlege planet.

Kjem me ut i minus eller pluss?
Har me vore slik me skulle, mot våre medmenneske og mot oss sjølv?

Er det noko som skulle vore gjort annleis?

Kanskje det.

Me kjenner det iallfall slik her.

Men det kjennest og godt å tenkja på dei gongene ein prioriterte rett.
Dei gode stundene me varmer oss på når det blæs rundt oss........

Så er det berre å håpe at me kjem ut i balanse når ein summerer begge sider.


Me har hug til å takka alle som les dette for året som gjekk,
og ynskja eit Godt Nytt År til alle.

1 Comments:

At onsdag, januar 03, 2007, Anonymous Anonym said...

Godt nytt år te deg og dine :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home