Nilsens Roderom

Et roderom har me adle, någen har fleire. Her e et av mine, og her ligge der møje å slenge så eg kje vett heilt ka eg ska bruga te. En del av det konne sikkert vore hivd i ein container, men det får ligga her ei stonn, så ser me........

fredag, november 17, 2006

"Den dag kjem aldri"

Den Dag Kjem Aldri

av A.O. Vinje


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver,
eg om deg drøymer.

Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.


Du leikar kringom meg der eg vankar,

eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg følgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.


Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer;
eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.


Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar;
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.