Nilsens Roderom

Et roderom har me adle, någen har fleire. Her e et av mine, og her ligge der møje å slenge så eg kje vett heilt ka eg ska bruga te. En del av det konne sikkert vore hivd i ein container, men det får ligga her ei stonn, så ser me........

lørdag, desember 30, 2006

Tankar ved eit årsskifte

Me skriv i dag 30 desember, og det er 10 varmegrader og heftig regn.
Markene står framleis grøne, og sauene trivs best ute.
Me henta heim bølingen i dag, dei har vore på legd i nabobygda.
Dei lyt nok freiste tilværet utandørs endå ei tid.

Me blir støtt så tankefulle når det nærmar seg eit nytt år.
Denne stille tida mellom jul og nyttår gjer rom for slikt.
Tida er komen for årsoppgjer, både i rekneskapen og på det personlege planet.

Kjem me ut i minus eller pluss?
Har me vore slik me skulle, mot våre medmenneske og mot oss sjølv?

Er det noko som skulle vore gjort annleis?

Kanskje det.

Me kjenner det iallfall slik her.

Men det kjennest og godt å tenkja på dei gongene ein prioriterte rett.
Dei gode stundene me varmer oss på når det blæs rundt oss........

Så er det berre å håpe at me kjem ut i balanse når ein summerer begge sider.


Me har hug til å takka alle som les dette for året som gjekk,
og ynskja eit Godt Nytt År til alle.

lørdag, desember 16, 2006

Du

Underleg kva ein song i radioen kan setje i gong av
tankeverksemd ein stille adventslaurdag.....


Eg tenkjer på deg ved dag og ved natt,
og min draum er den
å få sjå deg att
Du syng i mitt sinn ved dag og ved natt,
du er eitt med meg
som mitt andedrag.

Eg skjønar det knapt,
eit under det er
du kjem aldri bort
du er alltid nær


Kven tenkjer du på når du les dette?

torsdag, desember 14, 2006

Free Tech Support

Så er me altså tilbake att.
Etter til dels langdryge og uvanleg lite fruktbare samtalar med ymse kundebehandlarar hjå ein større internettleverandør.
Desse kunne stort sett berre slå fast at det var noko gale med oppkoblinga vår, og henvisa til betalsupport....
Me måtte få hjelp frå utlandet.

Ei uvanleg imøtekommande, skotsktalande supportbabe losa oss gjennom jungelen av tal og kodar som måtte til for å få vårt nyinnkjøpte modem opp og stå.

Får heller vere at Elkjøp kravde ein arm og to jeksler for modemet......

onsdag, desember 13, 2006

Lyn i heimen

Me har hatt lyn i heimen.
Me sat i ro og fred ein kveld,den lyriske åra vår rann stri og me var uvanleg høgtidsstemde.
Brått blenkjer det ute, og smell i modemet vårt.. Blå stikkflammar på 10 cm ut av kontaktane på slike innretningar er sjeldan eit godt teikn........

Så no sit me her då, og kjem ikkje på nett....
Til all lukke har bror vår, han som "jobbe med trailerar", skaffa seg bærbar og trådlaust nettverk...
Me snyltar hemningslaust.....

lørdag, desember 02, 2006

"Lagt opp???"

Me har fått nogen henvendelsar frå ulikt hald i det sista.
Et par av desse lure felt på om me har lagt opp, evt ner.....

Te adle som lure, me har definitivt ikkje gitt oss, men me har vore ganske opptokne i det sista.
Me har, for å sei det rett ud, hatt et allre så lide tebagefall.
Og så har me bedreve en blanding av forskning og eksperimentering med pelskledde vesen....

Hmm, du syns nok at dette hørres en smule suspekt ud...
Kan godt ver, di kalle dæ "living on the edge"..

For et par-tri år si, va me jysla aktive på et norsk nettsted.
Me hadde store gleda av dette, følte me verkele fekk dæ te..

Heimen blei fylt av allslags fine ting, og samlingen av Lucky Luke va nærmast komplett.

Så en dag kom me øve et verktøysett,me piber og skralla og alslags.
Det vart skrøtt høglytt av kvaliteten, og bildene va egna te jaga forventningane opp te et umoralsk høgt nivå..

Me begynte å by, og fekk teslaget.
Me syns me hadde gjort et kupp.
Glae og fornødde betalte me frakt og ekspedisjonsgebyr, og sette oss te på trappå og venta på postmaen.
Endele, itte to vege på trappå, såg me postbilen koma.
Med pakke og et udefinerbart glis...
Me skreiv onna og gjekk inn i heimen for å skrøyda av kor heldige me hadde vore.

Me visste dæ egentle frå før av, men det e kje te koma forbi at det e et ualminnele ringt merkje når plastikkassen rondt verktøye dette ud i to beda når me åpne pakken...
Ennå verre vart dæ når me sko studera innhaldet.
Altfor blankt verktøy pleie bety trøbbel.

Og dæ stemde.
Toåringen vår lo av oss.
Dæ svei litt.
Andre me kjenne nevnte sviktande dømmekraft.
Dæ svei dæ og.

Men me va fast bestemt på å prøva, me hadde jo gjort et kupp.

Ud å skifta hjul.
Fysste bolten bødde T-håndtaget te dæ ugjenkjenneliga, og alt den fine krommen datt av.
Andre bolten brekte av forlengaren.
Tredje bolten gjore ende på skrallå.
På dette tidspunktet va me ikkje lenger tereknelige.
Det goa kjøbe vart tebageført te naturen, så arkeologar om et par tusen år får noge te lura på...
Me snakte ikkje så møje resten av dagen, og me sad ganske rolikt i ei krå i fleire tima.

I løbe av desse timane lovte me oss sjøl, såpass høgtidele at det meste må klassifiseras som å sverga ved vår tippoldemors kanon, at me allre sko gå på sånt ein gong te.

Men det seiest at ein gløyme me tiå, og det har me altså opplevd.

Godt at di har begynt å levera kattane i øskjer nå, så me iafall sleppe sekkene så ligge å flyde...............